Samarbeidspartnarar

Vike Montessoriskule har gode samarbeidspartar når vi treng det:

Vestnes kommune

Helsesøster har faste trefftider på skulen. Ho har sine helsefaglege oppgåver, og i tillegg er ho ein god samtalepartner for elevar som treng litt ekstra oppfølging. Dette tiltaket ligg nede våren-24 på grunn av manglande ressursar i kommunen. Skulen har derfor p.t. ei ordning om samtaletid med ein av dei tilsette ved skulen, barnevernspedagog Silje Nordvik.

PPT v/Anne Jordal Myrset er skulen sin kontakt i saker der elevane viser lærevanskar og/eller psykososiale utfordringar. Ho gir råd og rettleiing til skulen, og til føresette som treng det. Skulen ber alltid om samtykke frå foreldra dersom barnet skal drøftast ved namn.

Tverrfagleg team er ei gruppe ressurspersonar samansett frå barnevernet, helsestasjonen og PPT. Dei drøfter gjerne saker på eit tidleg stadium, slik at skulen kan få råd om ein elev eller ei gruppe elevar har utfordringar. Saker ofte er samansette, og då kan ei slik gruppe vere god å rådføre seg med. Skulen ber alltid om samtykke frå foreldra dersom eleven skal drøftast ved namn.

Psykisk helseteam for barn og ungdom kan også koplast på om elevar slit med si psykiske helse. Skulen ber alltid om samtykke frå foreldra dersom eleven skal drøftast ved namn. Foreldre kan også ta direkte kontakt med dette teamet om dei har behov for samtale om sitt barn.

Kommunalsjef for oppvekst er skulen sin kontaktperson i saker der vi må samhandle med Vestnes kommune. Det er kommunalsjefen som gjer enkeltvedtak om ein elev skal ha spesialundervisning eller særskilt norskopplæring.

Nettverk Montessori Møre og Romsdal

Rektorane på Montessoriskulane i Møre og Romsdal (+ to skular frå Sogn og Fjordane) møtast 1-2 gongar i halvåret for å dele erfaringar og drøfte ulike utfordringar. Ein gong i året har vi storsamling, der også resten av personalet er med.

Økonomisenteret

Sparebank1Vestnes/Økonomisenteret er vårt regnskapsbyrå, og held mellom anna kontroll på skule- og SFO-innbetalingane. Kontaktperson her er Åse Ødegård.