Vike Montessoriskule

Vike Montessoriskule er godkjent for 70 elevplassar, og har i år 58 elevar frå 1.-7.klasse. Vi arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp, og tilpassar metodar og organisering til vår skule og våre elevar. Dei vaksne arbeider med stort engasjement, og gjer sitt beste for læring, utvikling og trivsel for alle elevane. Vi legg vinn på eit godt samarbeid med heimane, dette er viktig for barnet skal ha det trygt og utvikle seg godt. Vi er stolte av skulen vår, og tek gjerne imot besøk om nokon vil inn og sjå.

Maria Montessoris pedagogiske arbeid begynte ved opprettinga av den første Casa dei Bambini («Barna sitt hus»). Her vart barna nøye observert og pedagogikken utvikla seg gradvis. Etter den store suksessen med den første barnehagen/skulen opna Maria Montessori snart nye skular, og i dag finst det montessoriskular over heile verda.

Grunntanken er å ta barna på alvor. Barnet er eit individ som skal ha ei reell rolle i samfunnet. Barnet skal respekterast og lære seg å respektere verda rundt seg – ikkje berre andre menneske, men like viktig er det å respektere naturen og miljøet rundt seg. Maria Montessori studerte barna sine utviklingsfaser og identifiserte ulike trinn i prosessen. Tempo og intensitet varierer frå barn til barn, men alle barn har periodar der dei er særleg absorberande og mottakelege for enkelte fag. Nettopp då skal innlæringa vere tilgjengeleg. Det betyr at undervisninga må vere lagt opp individuelt og vere mykje basert på barnet sitt eige initiativ. Læraren har ei rolle som rettleiar og inspirator i eit nøye strukturert og tilrettelagt klasserom/miljø. Barna arbeider i grupper eller enkeltvis, ved bord eller på golvet – avhengig av kva materiellet dei arbeider med krev. Eit variert materiell hjelper barna til konkret å forstå abstrakte omgrep.

Elevane i ein montessoriskule arbeider tverrfagleg og i lag på tvers av alder. Barna hjelper og lærer av kvarandre på ein naturleg måte. Barna har ansvar for orden i materiellet og i miljøet dei høyrer til. Det vert ikkje lagt opp til konkurranse eller måling mot andre, den individuelle utviklinga står i fokus. Læringa vert oftast ikkje delt opp i spesifikke fagtimar gjennom veka. Barna får fordjupe seg og konsentrere seg om eit område i lange bolkar om gongen. For å skape den indre disiplin som pregar barn i ein montessoriskule, ligg eit oppbygd og nøye førebudd arbeid frå læraren si side.

For meir informasjon, kan de søkje på heimesida til Montessoriforbundet:

www.montessorinorge.no