Informasjon

Vike Montessoriskule ligg på Ytre Vike, med flott natur rundt oss på alle kantar.

Skuledagen starter kl.08.30 og er ferdig kl.14.30 for alle årsstega.

Skuleåret 2024/25: oppstart måndag 19.august kl.10.00. SFO oppstart same dag, kl.07.00.

Aktuell informasjon:

Mobbing i skulen

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen har ei plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøkje saka og å setje inn tiltak der det er behov for det. Om nokon blir krenka eller mobba, er det viktig å seie frå til skulen om det. Skulen skal ved oppmoding om tiltak frå elevar eller føresette, innan 5 dagar skrive ein aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal innehalde tiltak for å ivareta eit trygt skulemiljø for eleven. Opplæringsloven kap.9a.

Skulen har ei skjerpa aktivitetsplikt dersom tilsette krenkar elevar. Sjå opplæringslova §9a-5.

Om de har varsla rektor i ei sak, og de meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpe, kan de ta kontakt hos Statsforvaltaren. Les meir i linken under her.

Nyttige lenker:

Informasjon om mobbing på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider: